Det lakkar og lir

Det lakkar og lir og dreg seg mot jul. Den tida på året da tankar og kjensler går på maks turtal. «Kulda setter inn». «Ein skulle vore fire år i romjula». «Tusende barnehender ljosa held». Og «Happy Christmas your arse, I pray God it’s our last», som ho syng, Kirsty MacColl, i den forfylla juleduetten med The Pouges-sjefen Shane MacGowan.

Han syng til henne frå fyllearresten. Ho ligg i sjukesenga med drypp etter overdose. Eit irsk immigrant-kjærleikseventyr eingong på på 40- eller 50-talet, tenkjer eg. Fairytale of New York. Det er sterk kost. Trekkspel og fløyte og strykeorkester løfter alt grumset opp mot høgare makter, og tekst og vokal spenner frå topp til botn av sjela. Jula gjev håp om forsoning. Draumane får nye venger. Røtene får feste.

Eg greier meg lenge med desse fire julesongane. Eg trur det er fordi dei får det gudommelege ned i stugo. Inn i heimen. Ned til grasrota. Inn i musefella.

Du forstår, eg prøver å koma i juleskrivemodus. Eg spelar piano og syng med forkjøla morgostemme. Det går trått. Beklager. Om du vil, kan du stoppe her, eller du kan lesa vidare om noko heilt anna:

For eit par-tre månader sidan snubla eg meg inn bak kateteret etter ein ungdsomsskulelærar-pause på meir enn 15 år. Matte-vikar i 8. klasse. Fram til jul. Eg må vedgå at det sat langt inne. Rykta gjekk om ny læreplan, datamaskiner og tomme lærebokhyller. Skumlare kan det nesten ikkje bli for ein rusten og trongsynt lærarkrok. 

Eg er såpass oppi åra at eg lærer best på gamlemåten, med papir og blyant på bordet. Det hender eg tar bilete av arka mine etterpå slik at eg ikkje skal bli alt for sur om nokon har rydda dei vekk. For meg handlar det om å forme orda, få dreis på tala, kjenne på strekar og bogar, teikne figurane, få tak i meininga, sortere tankane, kvesse stikkorda, gje form til pilene, konstruere boksar og sirklar med treffande overskrifter. Kaste skrotet. Ramme inn perlene. Mine perler. Mine ord. Mi læring. Min kunnskap.

Me blir lært opp til å følgje reglar, la andre ta styringa og setja oss i baksetet. Er eg ueinig i noko, set eg meg lengst bak på vindaugssrekka, vippar på stolen, kikkar ut på skyene som driv forbi, og veit eg kjem til å gjere det på min måte uansett. Det er kjedeleg å rope utan stemme til folk utan øyre. Nokon kan blir fornærma. Eg veit jo kor sur og sta eg sjølv kan vera. Som da eg kjøpte lesebøker til ein 1. klassing som fekk iPad. 

Men eg bestemte meg for å kaste alle fordommar og kaste meg sjølv og elevane ut i den digitale «pc-og-skjerm-matte»–jungelen. Box view. Meny-labyrintar. Kor hamna eg nå? Mulitple choice. Gjett svaret på denne likninga. Treng du fleire alternativ? Klikk her! Det var i alle fall plan A. Etter 45 minuttar gjekk eg over til plan B. Eg har det tynne empiriske grunnlaget for avgjerda her. Plan B har eg ikkje plass til å skrive om, men eg kan røpe at han er skikkeleg gamaldags og bakstreversk.

Heia Jasmin og Bjørnar og Samuel og Tonje og Hanne, og alle i kulissane! Og kom igjen til dei som er som meg; redde for å få feil svar på riktige spørsmål. Og god jul til alle!