Rustfritt stål

Tidleg i januar kom postmannen med eit lommeur. «Pakke til Jon», sa han, presis som alltid, på trass av nysnø og fubellføre, og overrekte høgtideleg det nye vidunderet til kona. Alle kjenner alle heromkring. Det er mykje fint med det. Postmannen visste sjølvsagt ikkje at det var eit lommeur i pakka. Eller kanskje han gjetta det? Tvilsamt. Eg har aldri hatt lommeur før, knapt nok armbandsur. Dessutan er eg ein fyr ingen forbinder med klokker. Eg tar bare tida når eg steiker fisk. Ca to minuttar på kvar side. Men da brukar eg veggklokka på kjøkkenet, og ytterst få har sett meg steike fisk. 

Naboen, Rune, tar alltid tida. «Var det ein fin joggetur?» spør eg. «12,3 km på 53.25», svarar han. Så spring han heim og vaskar huset på 47 minuttar og 34 sekundar, mens han lagar middag. Alt eg rekk på same tid er å trykke ned eit par moll7-akkordar i spredt leie på stogepianoet. Rune er ei levande klokke. Ei som går og går og alltid kjem fram til døra. Han veit kva som skjer, gjerne før det skjer, og har full kontroll. 

Meg derimot er det omogleg å stille klokka etter. Eg kjem nå og da, pø om pø og rett som der er, men som oftast kjem eg for seint. Etter at ting har starta. Det er som om eg har eit indre lommeur eg gløymer å trekke opp – av lomma. Eingong la eg ut eit bilete på fjesboka av ei vekekalender utan ein einaste prikk. Heilt fri. Det var eit lykkeleg bilete. Men eg forstod på nokre trøstande kommentarar at ikkje alle tenkte som meg. Nå for tida kunne eg ønska meg fleir konsertprikkar i kalenderen. Eg skreiv det for over 10 år sidan: Det beste med livet er pauser, når ikkje pauser er alt ein har. 

Eg fortar meg ikkje så ofte. Bare når eg konkurrerer, men det gjorde eg meg stort sett ferdig med på 1990-talet. Eg la framtida bak meg og blei ein halvgamal gubbe utan å legge merke til det eingong. Når eg fortar meg blir eg ofte sur og sleivkjefta, og gløymer alt eg må hugse. Det er betre å la folk vente på ein blid meg, tenker eg. «Dårleg gjort», seier du, og du har sjølvsagt rett.

Lommeuret bestilte eg på skvis.no. Prisane skal skvisast ned i trang bemanning, og lommeuret skal skvisast ned i trange lommer. «Stilig unisex lommeur med hvit skive, tydelige tall og sekundviser», stod det. Perfekt for nærsynte og gamaldagse treigingar av alle kjønn. Så slepp eg å myse augebryna ned i flippskjegget, tenkte eg. «Langt kjede i rustfritt stål», stod det au. Det er ein fordel om ein kjenner seg smårusten sjølv. Blanke og skinande timar, minutt og sekund til døden skil oss ad. Nedsett frå 499 til 279. Det er billig å vende vanene. På tide å komme i tide til resten av livet.