På kappleik

«Du må ikkje gjera som han som spela seg langt ut av slåtten, og bare reiste seg og gjekk av scena», sa Kjell. «Så bleig du ser ud», sa Ragnhild. «Det er mange som bruker valium, ass», sa Anders. Kjøttkakene på tallerkenen min var kalde. Matlysta låg att i Bø. Eg var klar klokka halv elleve. Nå var ho over tre. Det finst ikkje starttider på kappleik. Ein må vente. Og vente.

Fela mi var gullande rein på «uppspels-rommet», seks minuttar før det var min tur. Lars Ingar sørgde for det. Min lærar og kompis. Men hardingfeler er ikkje til å stole på. Ikkje nervene heller. Dei gjer som dei vil, begge to. Eg har vore på mange scener, men ikkje på kappleikscener. Kappleikscener er ikkje som andre scener. Så sette eg meg på den raude kubbestolen og tenkte: «Hårr e gitaren min? Hårr e songane mine?» Dei låg også att i Bø. 

«Nå skal me få høyre ein kar frå Bø», sa konferansieren. «Jon Solberg. Han har gjeve seg i kast med hardingfela, og Jon skal spela springaren «Jon Vestafe» og gangaren «Jon der nord.»»  Salen lo godt. «Detta kjem eg aldri til å klare», tenkte eg. Som tenkt, så gjort. «Stryk litt på fela før du begynner på slåtten», hadde Lars Ingar sagt på ei øving, «så blir du varm i trøya». Eg skal lova deg at eg blei varm i trøya. Fyrste nedstrøket var som eit halvkleint fiskesprett ein gloheit sommardag. «Drrr». Sveitten svei i augene. Så byrja eg å stryke febrilsk på basstrengane. To takter amerikansk rufsefele. Kan det hjelpe, tru? Pell deg over i rett sjanger!   

Lars Ingar kom inn på scena og sa noko. Det var sikkert velmeint. For å lette på trykket. Salen lo godt igjen, men eg registrerte ikkje denne hendinga før dagen etter på Knut Utlers fjesbokbilete. 

Så tenkte eg på barpianisten i Lucky Luke-bladet mitt som skulle spela på stor konsertscene for fyrste gong. Han blei bare sittande og skjelve ved pianoet. Lucky Luke visste råd, og starta eit masseslagsmål i salen. Knyttnevar og banning og stolar som fauk veggimellom. Plutseleg var barpianisten på heimebane. Da blei det spel! Men ingen slåst på kappleik i Rauland lenger. Ikkje så tidleg på kvelden, i alle fall.

Så skjedde det fantastiske at eg ikkje kom på fyrste taket (melodien) i slåtten. Det har skjedd på scena med Ni Liv au. Da spør eg bare Joffe. Men Joffe var ikkje å sjå. «Eg får prøve å lure meg inn i det», tenkte eg. «Stryke litt på det siste taket». Endeleg litt flaks. Eg var i gang. Men ikkje kjende eg att slåtten, og ikkje kjende eg att han som spela slåtten. Eg sparka i sida med hælane. Drog vilt i taumane. Klamra meg fast i salen. Reinska grøfta i fyrste sving. Spann sidelengs opp på kjerrevegen att. Jordspruten stod til alle kantar. Den eine ulyden beit den andre i halen. Ristetaka riste i meg. Kvelertaka kvelte meg. Så blei eg kasta av, og slengt på hovudet ned frå scenekanten. 

«Du må opp på hesten att», sa eg til ein gymelev som ramla på skateboard og slo seg gul og blå. Det må jammen eg au! Opp på hesten att. Før det er for seint. Før neste kappleik.