Musikk - Tekstar - Video - Noter

Album: Så lenge toget fløyter (Grammofon, 2018)

Album: Så lenge toget fløyter (2018)
Gud
Tekst og musikk: Jon Solberg

Navnet mitt kan vera det samma
Eg ramla ned langt frå stamma
og eg trur ‘kje eg rekk 100 år
Hjerteslaga kan fortelje
Dom får meg te å skjelve
et Amen og et fattig Fadervår

Mykje kan ein fortrenge
men eg har levd for lenge
Det som e borte kjem aldri att
Kall meg jønne sta og bitter
gardinene e som gitter
Rommet e for lite og himmelen for stor

E du der ute, Gud?

Det e skjøre glør i grua
og eg har aldri mista trua
Eg har aldri hatt nokka tru å miste
Eg leitar etter lyset
men eg ser bare dom som frys’e
langt nedi beksvarte høl

E du der ute, Gud?

Livet brenn i båe endar
Eg har mista alle venner
og eg e redd, redd for å dø
Løft meg opp frå puta
og ut gjennom vøndøysruta
Viss du finst kan eg bli med på det

E du der ute, Gud?
Tastedansen
Tekst og musikk: Jon Solberg

Alle sammen må bli med for å sjå
Alle sammen sett seg ned for å klå
Ein i kvar sin vesle krok for seg sjølv
Ein med kvar si svartebok, sladrefjøl

Den e alltid der for deg
Det blir aldri kjedeleg
Hiv deg på, hiv deg med
i tastedansen

Ein unge e et fint trofé, del, del
Ein perfekt familie, del, del
For alle eig me livet ditt, del, del
Glede, sorg og mareritt, del, del

Dynamittretorikk
Lykke målt i likarklikk
Hiv deg på, hiv deg med
i tastedansen

Ingen grenser, ingen skam, kom igjen
Vis deg fram, kjære venn
Alle vil ha kroppen din, ta og føl
Alle vil ha sjela di som Faen sjølv

Fingertuppane e sverd
i ei blodig ord- og bildeverd
Hiv deg på, hiv deg med
i tastedansen
Stille timar
Tekst og musikk: Jon Solberg

Du sit på verandaen i stolen din
og held deg fast i et halvt glas vin
Du har pakka deg inn, men eg ser deg
Eg e ikkje blind

Du drakk deg opp, og du grein deg ned
mens du sat her og venta på meg
Du tente telyset og brann opp
alle minnene

Det e så lett å sjå på deg
Nå skal du gå frå meg

Du sier «Hei», men du mener «Gå»
Du tenker «Har jeg mot nok nå?»
Aldri lov noe, for da må du holde det
Du haler ut tida så

Det er så lett å se på deg
Nå skal du gå fra meg

Så klorar me kånn fast til ingenting
for å sjå å lenge ingenting held
Ei naken, replikklaus forestilling
te siste farvel

Stille timar bråkar mest
Stille ord råkar best
Alle gjeng rundt og forelskar seg
– nå e du ferdig med meg
Kan nokken elske deg slik som meg?

Det e så lett å sjå på deg
Nå skal du gå frå meg
Så lenge toget fløyter
Tekst og musikk: Jon Solberg

Så lenge toget fløyter e det stader å reise te
Og fine ting som vinkar langs skinnene
Drømmenn dine kjem nærmare og nærmare
Så lenge toget fløyter e det stader å reise te

Så lenge du trur kan du få te store ting
Gjeng du jamnt kjem du lenger enn ein som spring
Det e bra å nå ut, men det beste e å nå inn
Så lenge du trur kan du få te store ting

Så lenge hjertet slær kan du alltid vera ein venn
Bygg ei ny, om den gamle brua brenn
Du ramlar for å lære å reise deg opp igjen
Så lenge hjertet slær kan du alltid vera ein venn

Me legg att noko av kånn sjølv på stader me reiser ifrå
Ting me bare finn att om me dreg tebake for å sjå
Og plutseleg finn du ei med
augur som himmel’n heime

Så lenge toget fløyter e det stader å reise te
Og du veit at me e mange som savnar deg
Me ventar på deg, me har deg alltid i tankane
Så lenge toget fløyter e det stader å reise te
Kom deg heim i tide
Tekst og musikk: Jon Solberg

Eg e bare ein gutt ifrå bygda
som plutseleg blei 81
Eg flytta ut i alt for tidleg
og eg kom heim for seint

Kona mi døde ifrå meg
Det e over 15 år sidan nå
Det passa aldri å få ungar
men mykje kan ein angre på

Så rop det ut te dom du kjenner
Rop det ut så dom forstenn
Kom deg heim i tide, min venn

Her e ingenting det samma
Fjell og skogar ser ein anna veg
Bygda stenn og sparkar i betongen
og dom e borte dom som hugsa meg

Så rop det ut te dom du kjenner
Rop det ut så dom forstenn
Kom deg heim i tide, min venn

Du veit ein håpar på å få tida tebake
og at verden strekk ut handa igjen
Men eg må vatne minner oppå haugen
på vegen inn i himmelen

Så rop det ut te dom du kjenner
Rop det ut så dom forstenn
Kom deg heim i tide, min venn
Jordbærhjerte
Tekst og musikk: Jon Solberg

Ho har laga hjerte midt i parken
av jordbær, tett i tett
Et hjerte te å bli glad av
det e mange bær å ta av
ho smakar på det størst, og enda ett

Hjertespissen peikar rett mot jakka
ho har under seg te pledd
der ved almetreet
med ei ventebok på kneet
Ei ventebok om alt som har skjedd

Parken byr på minner te dessert
Romantikk og søte junibær

Kom og finn meg! Nå
Kom og finn meg! Nå
Eg sit under treet ditt
Du får heile mitt jordbærhjerte

Det e ball på leikeplassen,
og ho var kanskje Askepott
Men prinsen har blitt pappa
han såg ‘kje skoen i trappa
magien varar aldri lenge nok

Det minkar fort av hjertet,
og kanskje var det håpet som fekk flest
Aleine e me sammen
med endene nedi dammen
Invitert te brødsmulefest

Byen byr på draumar frå i går
mens me vekslar dagar inn i år

Kom og finn meg! Nå
Kom og finn meg! Nå
Eg sit under treet ditt
Du får heile mitt jordbærhjerte
Hagan te Hans
Tekst og musikk: Jon Solberg

Eg veit om ein stad, dit me to kan dra
der bare dom tøffaste tøffe tør gå
Det e noko rødt. Noko saftig og søtt
Som alle gjeng og sjessar på
Det e lett å lære, bare kryp under gjerdet
rett bortafor hekken der
Men ver klar te å snu på hælen, for gubben e gælen
Og han et små gutungar viss’n får sjans
Hagan te Hans

Eg var der i fjor med Affen og Tor
Å død og pine, da var det så vidt
Da me sku’ te å gå kom ein mann med ljå
kvasse auger og underbitt
Affen banna. Tor ropa på mamma
Og eg tenkte: «Nå e det slutt!»
Me sprang for livet, eg tråkka på ei rive
og blei liggans med et digert kutt i heile trynet på langs
Hagan te Hans

Da eg kom te meg sjølv, var eg stiv og støl
og blodig både her og der
Det var mørkt som i ein sekk. Tor og Affen var vekk
så eg tok med nokka trøstebær
Eg fekk tomla meg heim på mørkeredde bein
og eg tenkte: «Nå e eg mann!»
Eg måtte sy nokka sting, og inn te avhøring
men eg grein bare littegrann
Beste her te lands
Hagan te Hans
Skuleball
Tekst og musikk: Jon Solberg

Ørken i kjeften og krølltang på tunga
Hårfønar i magen og lungene har punga
Trimsett på hjertet, svett visir
og pulsen matar på med gir

Blikket burnar besatt langs bakken
Stirrans auger brenn baki nakken
Tenke fort, tenke fort, tenke hard
Si noko vetugt snart, si noko smart!

Det gjeng i ball på skuleball

Eg sku’ ha smurt på meg ei kjekk mine
og sagt: «Det strålar av augene dine!»
Skyte frå hofta med varme ord
te du smelta som skispor i påskesol

Men eg lukkar augene og kjører karusell
Rundt og rundt og rundt, eg blir kvalm og uvel
Sku’ drekke meg te mann. Sku’ drekke meg te mot
Nå har eg drekke meg te idiot

Det gjeng i ball på skuleball

Det e kaldt her ute på parkeringsplassen
Skoa e glatte, grøfta e kjassen
Du skin på ein pidestall
Eg spyr på ein europall

Det gjeng i ball på skuleball
Vrak
Tekst og musikk: Jon Solberg

Eg har kjærleik på flasker og kjærleik på glas
Kver gong eg vil smake gjeng dom i knas
Dom e tappa i smug og kjøpt på kreditt
På alle etikettane stenn navnet ditt

Eg har kjærleik i kasser stabla på pall
Kassene e merka med «Restavfall»
Sku’ kjørt det te elva, helt på bensin
og fyra opp te allsang og brennevin

Eg e et vrak for deg

Eg har kjærleik på veggar, i skuffar og skåp
Samma hårr eg snur meg heng det et håp
nagla te ein spiker og spyttar på meg
Sku’ rive ned møkka og sendt det te deg

Eg e et vrak for deg

Eg har kjærleik i jakker og bukser og sko
Langs vegar du kom, og vegar du dro
Eg har kjærleik i gater mot tusen hotell
og i månen som skrik oppå himmelen i kveld

Eg e et vrak for deg
Kjære Opel
Tekst og musikk: Jon Solberg

Det e dagen me har sett så mørkt fram imot
Eg skal bli fotgjengar, du skal bli skrot
Bare Jon-ar har kjørt deg, og for det var du glad
Fyrst ein faffa i Heddal, så et barnebarn i bøherad

I dag da me vakna sa du: «Ein siste tur!
Så finn me ut hårr alle minna kåns bur!»
Godt og væl to timar tok den runden me kjørte
Og du lukta på 100 over slettene mot Hørte

Og du sa: «I dag vil eg leve, for i dag skal eg dø!
I dag vil eg sveve og slettene i Bø!»

Me såg ein sjøorm i Seljord, ein høggorm i Flatdal
Me svinga bortom grava ved stavkjørkja i Heddal
Me råna litt på Notodden og sladda litt på Gvarv
og krusa i god frieksos-kulturarv

Og du sa: «I dag vil eg leve, for i dag skal eg dø!
I dag vil eg sveve og slettene i Bø!»

Du ønskte nok at eg var ein bilmekkekar
for du rusta ihæl mens eg spela gitar
Men du svikta meg aldri, du starta og gjekk
på gåene fjører og nedslitte dekk

Takk for sommar og haust, for vinter og vår
Trufast og trygg i over 20 år
Te dom evige bygdevegar e du på veg
Hels Mazda’n og Corsa’n som reiste før deg

Og du sa: «I dag vil eg leve, for i dag skal eg dø!
I dag vil eg sveve og slettene i Bø!»
Mr. Clark
Tekst og musikk: Jon Solberg

Det e flagg og is i bygda, ungar syklar rundt med hjelm
Eg stoppa bilen i ei busslomme for å lengte heim
og skrive nokka enkle, siste ord frå meg
Whiskey har eg ikkje, men denna kaffen e for deg

Fyrste gong eg møtte deg sang me Dublin Blues
og eg lengta etter dama mi, slik som du
Men «She ain’t going nowhere», ho bare reiser, for ei stund
Så dro me Texas Cookin’ med vatn i munn’

Du minna meg om Hemingway, du gjekk rett på sak
Reine ord for penga, meininga låg bak
Historiene dine heng på himmelen min og skin
Sangen din e eventyr, musikken e årgangsvin

«Syng sant», sa du. Syng sant
Syng alt det hjertet fann
Syng øyeblikk som brann
Syng sant

Somme lagar «tra-la-la» og kallar seg geni
Somme lagar enderim og kallar det poesi
Du syng ein konge forkledd som ein fant
Du syng ein himmel forkledd som ein krøftekant

Du laga ikkje hits, du var alt for god te det
Du drakk hardt, tenkte djupt, og la sjela mellom linjene
Viss du skjønna bøhering, hadde du sagt: «Skål»
og «one man’s art is another man’s scrawl»

«Syng sant», sa du. Syng sant
Få visdomen i pant
og ein og anna slant
Syng sant

Handlaga kjærleik på sjølvbygd gitar
Slik du sit på albumet som gjorde meg te kar
Du var glad i mange, men du elska bare ei
Slik e me to like, mykje ja og lite nei

Dama mi ventar heime med barbecue og vin
Ho heiter ikkje Susanna, men ho e fin
Du sa du skreiv ‘kje for å endre folk, men du har endra meg
Når eg slår opp «singer songwriter», lyser bildet av deg

«Syng sant», sa du. Syng sant
Syng alt det hjertet fann
Syng øyeblikk som brann
«Syng sant», sa du. Syng sant
Få visdomen i pant
og ein og anna slant
Syng sant

Album: Svarteper (Grammofon, 2015)

Album: Svarteper (2015)

Dei som spela inn albumet Svarteper i 2013 var, frå venstre mot høgre: Anders Røine (langeleik og munnharpe), Jan Birger Akerhaugen (gitarar), meg, Håkon Aase (fele, piano og perk), Stian Dalen (gitar og dobro), Tor Magen Hallibakken (studio- og lyd- og mikse- og mastresjef). All musikken er spela inn live i studioet til Tor Magne i Nesbyen. 

Tusen tomme ord
Tekst og musikk: Jon Solberg

Fysst var det hett, så blei det keldt,
kjærleik som frotsar, kjærleik som svelt
Nå e det ingentig, bare et hål
med tusen tomme ord

Me elska utta grenser, me elska utta lov
me elska vakne, me elska da dom sov
Etterpå prata me lenge og væl
med tusen tomme ord

Me e skuldige, men begge gjeng fri
Du e åtte mil unna, eg e ti
Me møtast i midten ein sjelden gong
med tusen tomme ord

På veggen heng bilder av gamalt svik
dårleg samvittigheit, godt gjømte skrik
ein gromgut på fire, ei tulle på to
og tusen tomme ord

Dagar på krykker, år på kreditt
Eg lever i mitt hue, du lever i ditt
Hårr blei me av? Hått har me att?
Tusen tomme ord

Me e skuldige, men begge gjeng fri
Du e åtte mil unna, eg e ti
Me møtast i midten ein sjelden gong
med tusen tomme ord
Elt e mitt
Tekst og musikk: Jon Solberg

Gå på rekke, gå i takt
Lade våpen, stå i giv akt
Sikt med ego og skyt med makt
Elt e mitt

Smøre kjeften og aksle skinn
Pakk deg vekk, her slepp ingen inn
det e trongt her i hula te Aladdin
Elt e mitt

Fysst meg sjølv, og så meg sjølv igjen
og kulen med framtid nedi lomma brenn
eg e min einaste og beste venn
Elt e mitt

Det e bare å trygle, det e bare å be
Men takk deg sjølv for at du e den du e
Ingen, ingen, ingen vil eg dele med
Elt e mitt

Om eg eingong skulle trenge deg
og be om hjølp, ja så håpar eg
at du ikkje e like full av dritt som meg
Elt e mitt
Pappa kjøpte orgel
Tekst og musikk: Jon Solberg
Inspirert av et dikt av Lars Saabye Christensen og Tom Stalsberg

Pappa kjøpte orgel så mamma skulle sleppe å gå i kjørkja
Pappa kjøpte barskåp så mamma skulle slippe å drekke på bar
Pappa kjøpte fugl så mamma skulle sleppe å synge
Pappa kjøpte stive masker så mamma skulle sleppe å vera glad

Mamma kjøpte vifte så pappa skulle slippe å slutte å røyke
Mamma kjøpte sofa så pappa skulle slippe å reise seg
Mamma kjøpte katte så pappa skulle slippe å male
Mamma kjøpte svensk au per for å slippe å leike med meg

Og det e fullt
Det e fullt
Det e fullt
Huset e fullt, proppa fullt
Av ingenting

Pappa kjøper elt eg vil ha så eg skal slippe å mase
Mamma kjøper puter så eg skal slippe å held oppe armar og bein
Pappa kjøper jenter så mamma skal sleppe å elske
Mamma kjøper ny lås så pappa skal slippe å komma heim

Og det e fullt
Det e fullt
Det e fullt
Huset e fullt, proppa fullt
Av ingenting
Brenne mi siste bru
Tekst og musikk: Jon Solberg

Ein må slipe tankar og vege ord
Men raudt hår veks aller i god jord
Ein må lære av tida mens ho renn
men eg gjer feila om og om igjen

Eg e ein pasifist med våpenskils
Eg e ein avholdsmann med styrepils
Eg e ein desertør med nok å flykte fra,
men eg gjømmer meg midt utpå slagmarka

Nå må eg brenne mi siste bru

Elt e kjent, men ikkje slik det var
Eg hører ropa frå dit eg skal
Det fins ingen gater som ikkje e slitt,
ned av ømme minner og mareritt

Me blir når me kan, me dreg når me må,
me kjem tebake når me ikkje veit råd
Me lever og håpar at det gjeng over kjapt
Me dør når veit at me e fortapt

Nå må eg brenne mi siste bru
Regel nr. 1
Tekst og musikk: Jon Solberg

Regel nummer ein: Held pistolen rein
Regel nummer to: Skarp ammunisjon
Regel nummer tri: E du feig får du svi
Regel nummer fire: Elt te rett tid

Regel nummer fem: Vent te dagen kjem
Regel nummer seks: Sola i ryggen
Regel nummer sju: Du skal veta, ikkje tru
Regel nummer åtte: Det e han eller du

Me lever i ein westernfilm
Pistolar smell på raske rim
og skyt kånn dit støvet blir av
Vekk frå framtida

Regel nummer ni: Held ryggen fri
Regel nummer ti: Si det du skal si
Regel nummer ølløv: Mal gata raud
Regel nummer tolv: Et skot, ein dau
Svarteper
Tekst og musikk: Jon Solberg

Gvite løgner, gråe soner og svarteper

Han lova te han måtte ljuge
Han laug te han bynna å tru
Ho trudde te ho måtte tvile
og tvilte seg sjuk og sjalu

Ho tenkte: Rykter spring som rotter
med svartedau og pest
Han tenkte: Skal du nå te toppen
må du ljuge og banne best

Gvite løgner, gråe soner og svarteper

Ho tenkte: Heile verda
spinn rondt og lyg seg te fant
Han tenkte: Eg lyg ikkje
eg bare pussar på det som e sant

Ho kviskra te ho måtte rope
Ho ropa te det blei et skrik
Han putta sanning i ørunn’
og gjekk over lik

Gvite løgner, grå soner og svarteper

Sjela slit ut hjertet
mens publikum benkar seg
Hjertet slit ut sjela
Håkken stenn ein ronde te?

Ho sa: Om eg e et tråppetrinn
e det i tråppa te helvete
Han sa: Eg veit det, kjære
Skal me ta følgje på vegen ned?

Gvite løgner, grå soner og svarteper
Skurk og helt
Tekst og musikk: Jon Solberg

Har nokken sagt te deg at vinden syng
sørgesongar i kvar ytterdynn
Det e rykter
men du veit det e sant

Har nokken sagt te deg at regnet renn
keldt i nakken i bygd og grend
Det e rykter
men du veit det e sant

Det hviskar og det tiskar overelt
Det smiskar og piskar
Skurk og helt
Skurk og helt

Har nokken sagt te deg at nåtta gjeng
rondt og raslar med kjettingenn’
Det e rykter
men du veit det e sant

Har nokken sagt te deg at dagen spring
rondt og latar som ingenting
Det e rykter
men du veit det e sant

Og det hviskar og det tiskar overelt
Og det smiskar og det piskar
Skurk og helt
Skurk og helt

Han nokken sagt at di tunge bør
må du bera på te dagen du dør
Det e rykter
men du veit det e sant

Og det hviskar og det tiskar overelt
Og det smiskar og det piskar
Skurk og helt
Skurk og helt
Kjære Inger
Tekst og musikk: Jon Solberg

Ho var 17, på veg ut i verda som yngste dotter Nes
Frå tronge kår gjekk nå ferda mot byen, mens vårvinden bles
Ein bibel, litt klede og niste i sekken som mor sendte med
Augo te jenta var triste men ingen la merke te det

Som innjente hos kjøpman Bråten der lønna var kost og losji
kasta ho kvile på båten bare sondagenn’ hadde ho fri
Det var tunge tider i Norge, krigen fèr hardt med ein by
Ho sat på ein benk nedpå torget ein månad før Normandie

Klokkunn’ ringer
for elle dag Kjære Inger
eg vil alltid elske deg
eg vil alltid elske deg

På veg heim langs vegakanten, i grøfta låg ennå litt sno
Der møttast dom – ho og sersjanten. Ho 17, han snart 22
Dom var prins og prinsesse. Dom strålte – så fagre å sjå
Kjærast med fientleg adresse, Men følkesnakk hørt’ dom ’kje på

Klokkunn’ ringer
for elle i dag, kjære Inger
eg vil alltid elske deg
eg vil alltid elske deg

Sanninga kom seint på dagen, tankenn’ fór i ein storm
Og far te den vesle i magen var gutten i grøn uniform
Glede og angst – ho fekk ’kje sova. Sku’ ho tørre? Ja, ho mått’ reise dit
Og ho hugsa kvart ord han hadd’ lova: «Ich liebe dich, nehme dich mit»

Han kyssa ho kjærleg på kinnet, og såg på si gråtande viv
Og det kysset brann seg i minnet te jenta, og reiv som ein kniv
Han blei ikkje glad som ho trudde, Han sa ikkje: ”Bli med meg, skatt?”
Han såg ned i grusen og snudde, og ho såg meg aller meir att

Klokkunn’ ringer
for elle i dag, kjære Inger
eg vil alltid elske deg
eg vil alltid elske deg

Stålstrengsolnedgang
Tekst og musikk: Jon Solberg

Stålstrengsolnedgang
Nystemt sommarsmak
Skyfri raudvinsang
vers med stjernetak

Eg ser bare deg

På byen ein ludagskveld
når festen skummar gvitt
På stigar ingen gjeng
når eg ropar navnet ditt

Eg ser bare deg

I elt som ein gong var
og elt det som skal bli
I draumane du la
i skrinet med hjerte i

Eg ser bare deg
Sweet old world
Tekst og musikk: Jon Solberg

Eg e ute og kjører på ein sideveg ein stad
Elle andre bilar har for lengst svinga av
Radio’n spelar aller Lucinda Williams’ «Sweet old world»
Gud har tru på elle. Djevelen på seg sjølv

Eg har kjørt over mange bruir, gjennom dalar og over fjell
Eg sa: «Det e bære på andre sida», men det var aller stor forskjell
Eg trudde elt hadde ei meining og at eg sku finne livsvisdom
Men eg kjørte alltid rett fram, og snart e tanken tom

Viskerenn kan ‘kje viske vekk
minner på overtid
Og spylarvæske e klein lut
for ell møkka på ruta mi

Det kjem ein bil rett bak meg, rett bak meg på ei bru
Det e så seint i livet at eg veit det må vera du
Framom kånn ligg vegen, ein blindveg, det ser me nå
Bakom kånn ligg elle me kasta ut og kjørte ifrå
Kom heim
Tekst og musikk: Jon Solberg

Om du e sliten og lei av deg sjølv
Om festen gjekk sin veg
Om botn av flaska bare var tom
Dynna stenn open for deg

Kom heim! Kom heim!

Om du angrar på ting du har sagt
Du veit det e slik som skjer
Om du angrar på ting du har gjort
Me e bare mennesker

Kom heim! Kom heim!

Somme sier me bare e
draumar og bein
på skyer som driv av stad
Men huset her heime har
veggar og tak
og to ungar som gjer deg
glad

Kom heim! Kom heim!

Elt vil ordne seg
Elt vil ordne seg
Me vil alltid hjølpe deg
Elt vil ordne seg
Elt vil ordne seg
Kom heim!

Om du kjempar, slutt å kjemp
Om børa e tung, slutt å ber
Du e den du e, ikkje det du gjer
Og me skal alltid vera her

Kom heim! Kom heim!
Ikkje slutt å bry deg
Tekst og musikk: Jon Solberg

Spør meg åssen eg har det
Spør meg åssen det gjeng
Eg svarar «Jau, det gjeng bra det»
Men eg lyg så det renn
av meg og elle såra
som du ikkje kan sjå
som du ikkje kan forstå
Men ver så snill ikkje slutt å bry deg

Kom innom når eg ikkje ber deg
når eg ikkje e i slag
Eg sit i stugo der du ikkje ser meg
og ventar på ein betre dag
Eg kjem ´kje te å opne
du får ikkje sjå meg nå
med den svarte kufta på
Men ver så snill ikkje slutt å bry deg

Ikkje gje meg opp
Ikkje gje meg opp
Finn meg, for eg treng deg
Ikkje gje meg opp

Syng meg gode visur
hvisk meg gode ord
så eg ikkje forliser
med for tung last ombord
fulle følk blir kasta ut
tomme følk blir kasta inn
dit meininga med elt forsvinn
Så ver så snill ikkje slutt å bry deg
God som ny
Tekst og musikk: Jon Solberg

E det snart morgon?
E dagen oppe snart?
Bankar gryet på dynna i aust?
Har det tatt med seg fargekart?

Eg hatar netter
Da ligg eg vaken og svettar
Eg hatar netter
og tanken på evige netter

Har sola stått opp?
Har ho sommarkjolen på?
Sildrar lyset gjennom lauvet
på bjørka i hagen nå?

Eg hatar netter…

Snart e du god som ny
Snart e det morgogry
Snart e du god som ny
og i kjempeslag
te ein ny dag

E bygda vaken?
Eller tjuvslumrar ho litt?
Det så godt å sova lenge
når livet blunkar og smiler blidt

Eg hatar netter…

Snart e du god som ny
Snart e det morgogry
Snart e du god som ny
og i kjempeslag
te ein ny dag
Så lenge du vil
Tekst og musikk: Jon Solberg

Eg passar på deg så lenge du vil
Eg passar på deg så lenge du vil
Eg passar på deg så lenge du vil
Og elt blir fint i morgo

Når eg e borte, lev dobbelt så sterkt
Når eg e borte, lev dobbelt så sterkt
Når eg e borte, lev dobbelt så sterkt
Og elt blir fint i morgo

Vit hårr du kjem ifrå, så finn du veg
Vit hårr du kjem ifrå, så finn du veg
Vit hårr du kjem ifrå, så finn du veg
Og elt blir fint i morgo

Prøv å trø varsamt, sett spor når du må
Prøv å trø varsamt, sett spor når du må
Prøv å trø varsamt, sett spor når du må
Og elt blir fint i morgo

Gje aller opp elt du vil får du te
Og elt blir fint i morgo

Eg passar på deg så lenge du vil
Eg passar på deg så lenge du vil
Eg passar på deg så lenge du vil
Og elt blir fint i morgo
Og elt blir fint i morgo
Og elt blir fint i morgo

Video

Gud

Kom deg heim i tide

Så lenge toget fløyter

Tusen tomme ord

Ikkje slutt å bry deg

Tastedansen

Noter

Somtir er det nokon som spør meg om noter til låtene mine. Her er nokre få du kan laste ned. Er det andre du gjerne skulle hatt – send meg ein e-post!

LINER NOTES

Det er heilt tilfeldig at dette solo-albumet kjem akkurat nå. Når ein er låtsmed, eller visesnikkar, eller singer/songwriter, eller kva ein skal kalle det, slik eg er, hopar det seg ofte opp med låtar i skuffen. Særleg i periodar der skrivetrangen boblar i blodet og gitaren og fela spring etter meg, og finn meg, samme kor mykje eg prøvar å lure meg unna. Skuffsongane kan vere meir eller mindre ferdige, men av ulike grunnar finn dei seg ikkje til rette i bandet vårt - Ni Liv. Kanskje får dei ei varm mottaking om nokre år? Kanskje ikkje. Ingen veit. Så er det slik at låtar som blir liggande for lenge i skuffen blir rastlause og hoppar ut av seg sjølv. Dei vil ut i verda og oppleve noko. Fortelje historia si. Men ikkje alle songane her er skuffsongar. Nokre sprang frå hovudet mitt og rett inn på plata.

Dette er ikkje ei pop-plate. Dette er ei viseplate. Ei nedstemt, naken og, til tider, røff viseplate. Det handlar fyrst og fremst om tekstar med musikk innat, ikkje musikk med ord som rimar. Og tekstane handlar om livet på godt og vondt, kjærleiken og det midt imellom, slik alt eg skriv gjer. Kva skal ein elles skrive om?

Låtane er spela inn på to ulike måtar. Dei feste er spela inn live i studioet til Tor Magne Hallibakken i Nesbyen, to vinterdagar i desember 2013. Eg ringte fire musikk-kompisar (Anders Røine, Jan Birger Akerhaugen, Stian Dalen og Håkon Aase), og alle ville vera med. Så reiste me til Pers Hotell på Gol kvelden før studio. Der drakk me kaffe, øva og plukka ut fjorten låtar som me spela inn dei to neste dagane. Tor Magne miksa alt den tredje dagen. Tre av dei fjorten låtane me spela inn fekk ikkje plass på denne plata, og må finne seg ein plass i skuffen att. Heilt til neste gong.

Tre songar er spela inn i musikkhuset mitt i hagen i Bø. Lag på lag. Instrument for instrument. Stemme for stemme. Rake motsettinga frå studioarbeidet i Nesbyen, men moro det au, på sin måte. Knut Eirik Hult, kollega frå bandet Ugras, spelar bass på to av musikkhus-låtane. 

Anders, Jan Birger, Stian og Håkon er musikarar og låtsmedar med ulik bakgrunn. Anders er folkemusikar med langeleik og munnharpe som spesialfelt. Jan Birger er rockar og min betre gitarhalvdel i Ni Liv. Stian er country-kar med eit dobrospel eg diggar. Håkon spelar jazz-fele betre enn nokon annan eg kjenner til: Leikent og groovy. Alle er dei jordnære kjernekarar og heilt fantastiske å samarbeide med. Dei har farga visene mine med sitt spel, sine idéar, sin kompetanse. Arrangementa er like mykje deira som mine.

Svarteper er som alle veit eit kortspel der para stikk av, eitt etter eitt, og taparen sit att med sparknekt, altså svarteper. Sparknekt lar seg ikkje parre, for kløverknekt er ikkje med i spelet.

Eg håpar visene, ei eller fleir, finn seg ein plass hos deg.

Jon Solberg, juni 2015.

CRED:

Musikarar: Jon Solberg: song, gitar, banjo og fele på låt nr. 7 og13. Anders Røine: langeleik og munnharpe. Jan Birger Akerhaugen: gitar, barryton-gitar og bass. Stian Dalen: dobro, mandolin, gitar og kor på låt nr. 8. Håkon Aase: fele, perk, munnspel og piano. Knut Eirik Hult: bass på låt nr. 1, 7 og 13.

All tekst og musikk er laga av Jon Solberg

Låtane er arrangert av Jon Solberg i samarbeid med musikarane. Spela inn live i studio hos Hallibakken Lydproduksjon i Nesbyen, 3 dagar i desember 2013. Låt nr. 7, 10 og 13 er spela inn i Jon Solbergs musikkhus i Bø. Teknikar, miksing og mastring: Tor Magne Hallibakken. Framsidefoto: Jarle Andersen. Omslag og form: Magnus Rakeng, Melkeveien

Fyrst og fremst vil eg takke musikarane Anders, Jan Birger, Stian, Håkon og Knut Eirik som spelar og skaper og gjev av seg sjølv. Det hadde ikkje blitt noko av denne plata utan deira godvilje og musikalske dugleik. Ein ekstra stor takk til Anders Røine for alt han har lært meg om folkemusikk og felespel, og for at han heile tida har sparka meg bak for å få denna plata i hamn. Tor Magne Hallibakken er ein fantastisk hyggeleg og gjennomdyktig kar. Tusen takk til han for supre dagar i Nesbyen og for all hjelp, på alle måtar, undervegs i dette plateprosjektet. Så vil eg takke Kristoffer Mosfjeld i Telemarkfestivalen for fine ord og for at eg fekk lov til å ha platesleppet under festivalen i 2015. Ein stor takk går også til Øyvind Sauarlia på Grammofon som gjev ut plata. Vidare vil eg takke min favorittlydmann i verda: Thorbjørn Kittelesen, kongekarane i og med Ni Liv, Jarle Andersen for kule bilder, søster Liv Solberg Andersen for kreativ innsats, søster Veslemøy Solberg for musikalsk og tekstleg samarbeid, Sven Ohrvik for all hjelp, familien min: Elisabeth, Olav, Gaute og Vegard. Og sist, men ikkje minst, DEG for at du les dette og held soloalbumet mitt i handa.

Besøk meg på www.jonsolberg.no