Rammer og reglar

14 teikn, og eg har bare skrive overskrifta. Oi, 56. Det slår meg at eg har mislikt rammer og reglar så lenge eg kan hugse. Tidspunkt og klokkeslett. Samleband og rutiner. Oppstilling og buksebrett. Årshjul og kjøreplanar. Alt eg blei god på i militæret var Anne Grete Preuss, kjærleiksbrev, startkablar kvar fredag, og å skrive permsøknadar. Eg hugsar ikkje kvifor eg etterkvart slapp Heimevernsøvingane. Glømte eg å møte opp ein stad? Eller var det Rune-prest som fiksa det? Eller gløtta bare befalet mitt på den magre attesten frå idrettstroppen på Sessvollmoen, la saman 2 og 2, og tenkte det norske forsvaret kom til å klare seg vel så bra utan menig 60 Solberg? 

Eg møtte ein av Heimevernsbefala mine eingong. Sersjant av rang. Han stod i kvil-kvil under ein Ni Liv-konsert på Gamla i Oslo og sikta på meg med ein halvfull halvliter. Songen eg sang heiter Heimevernet. Når eg blir overraska på scena, og ser gamle kjenningar i publikum, hender det eg stikk av frå mikrofonen og må helse på – kanskje klemme au. Ein augneblink går så fort over. Eit minne. Eg må forte meg og ta på det. Komme nær nok. «Heeeei! Lenge sidan!» ropa eg mens svetta rann og ølen hans skvulpa over og Joffe spela gitarsolo og kassegitaren min feeda i monitor. «Det er bedre å synge om det!» ropa han tilbake. Meir blei ikkje sagt, og det var heller ikkje nødvendig.

Mykje er best å synge om. Men ikkje alt. Noko er best å skrive om, noko er best å prate om, og noko er best å halde kjeft om. Nå kjem dei stramme rammene og stel setningane mine igjen. 1274. Kor var eg? 

På 1990-talet var det alltid ei novelleoppgåve i norsken. Heilt til slutt stod den. Spesialdesigna for oss som lika å skrive, men som ikkje orka analyser og verkemiddel med umoglege namn og artikkelingressar og apellative og ekspressive vaskemaskinannonser. Reglar kan sperre vegen. Noveller er friare. Mikkjel Fønhus var mitt idol, og kunne eg lirke og lure oppgåva over på ei naturskildring om elgen, skogens konge, var eg berga. 

Men så blei eg pappa. Så blei eg fotballtrenar. Så blei eg gymlærar. Nå har eg så strenge rammer og reglar på treningane og i timane at eg blir vettskremt av meg sjølv. Oppstilling. Strøken halvsirkel. Ballen i ro! Det er ikkje til å tru. «Du er ein streng, men god pappa» står det på julekortet frå Gaute. «Gråsprengt» står det i passet. Går det oppover eller nedover? «1957» står det nedst på skjermen – året kong Håkon døde, og Elvis sang Jailhouse Rock. Men eg har 157 teikn for mykje og må stramme inn enda meir neste månad.