Krav og skuld

Smak på den overskrifta. Ord for ord. Ta deg tid. Kjenner du det knyter seg i brystkassa? Blir det tungt å puste? Byrjar stresshormona å koke? Får du lyst til å brenne avisa? Slik er det i alle fall for meg.

Sist veke blei eg spurt om å spele på verdsdagen for psykisk helse, på Notodden. Eg har spela på den dagen før, her i Bø og andre stader, og det gjer eg gjerne.

Før speleoppdrag førebur eg meg. Det har eg lært av farfar, men det kan hende andre også har nemnt det. Kva for låtar skal eg synge? Kva skal eg seie innimellom? Så kom eg over eit foredrag av den amerikanske forfattaren Caroline Myss på YouTube. Myss snakka om «The power of choice», krafta i det å velje. Eg har synge og prata litt om det temaet eg også, og derfor blei eg sitjande og høyre og tenkje og notere, slik eg gjer når kloke folk snakkar. 

Mot slutten av foredraget sa Myss noko eg aldri har tenkt over før, i alle fall ikkje på den måten. Det handla om ord. Ord med enorm kraft. Ord som vekkjer ei verd av kjensler og tankar i oss. Kva for ord veljer du å bruke? Har du eit giftig vokabular? Er det dei negative og fiendslege orda dine som gjer deg nedtrykt?

Ein tekstforfattar samlar på ord. Ord og setningar. Vers og refreng. Eg veg orda mine nøye sjølvsagt, på ei gamal skålvekt, men har eg vore nøyaktig nok? 

«Dødelege ord», kalla ho dei, dei to i overskrifta mi: Krav og skuld (fritt omsett frå engelsk). Og eg kjende det med ein gong. Eg har kjent det i heile dag. Eg blir stressa. Eg blir irritert. Utagerande. Ikkje fordi eg må rekke Sidesprang-deadlinen, men fordi eg har sitte og grubla over desse to stakkarslege einstavingsglosene litt for lenge. Eg har sagt dei høgt til meg sjølv i lenestolen i kroken. Putta dei inn i sinte setningar. Prøva å gjere dei «fine» med varmt tonefall og kjærleg kroppsspråk. Men bare fæle ting dukkar opp i skallen: Straff, bøter, inkassovarsel, baksmell, svindel, krangel, ulykke, kjærleiksorg, misunning, hat, og verre ting. 

Eg tok eit kjapt søk på Mac-en min. Har eg brukt desse orda i tekstane mine? Har eg påført meg sjølv og publikum liding utan å vera klar over det? Krav har eg aldri brukt, heldigvis. Det kling kleint, og smakar vondt. I ein tekst det ikkje blei noko av les eg likevel: «Eg stenn på kravet om eit gullkanta liv eg ikkje gidd å jobbe for». Det må ha vore ein slik dag, ja, tenkjer eg, at eg skreiv på den måten. Sensuren tok ordet.

Men skuld har eg brukt to gonger, i låtane «Tusen tomme ord» og «Jakob». Ikkje på ein fæl måte vågar eg å påstå, men likevel: «Me er skuldige, men begge gjeng fri», og «Legg att skuld og legg att skam». Kunne eg formulert meg på ein annan måte?

Få desse orda ut av vokabularet ditt, og du anar ikkje kor mykje betre du vil kjenne deg, sa Myss til slutt. Eg har tenkt å ta henne på ordet, så her kjem dei for siste gong frå meg: Eg har ikkje krav på noko som helst. Eg skuldar ikkje på nokon andre enn meg sjølv.