Det som er mest moro, er aldri enkelt

Eg listar meg gjennom setningane. Mellom linjene. Blar forsiktig. Strekar under og noterer i margen. Det viktigaste til venstre, parentesane til høgre. Perler får heidersplassen ein stad i bunken av A4-ark eg har liggjande på eplekassa ved vindauget. Somtir kan eg bruke ein dag på å lesa ei halv side. Det kjem så mange tankar i skallen som må få plass. Somtir klarer eg fleire sider, men fort går det aldri. 

Slik har eg halde på heilt sidan eg forstod at lesehastigheit ikkje kom til å bli min styrke. På barneskulen. Vippande stol og ristande føtar. Lesetest. Helge var kjappast, tett følgd av namnnebror Jon. Eg hang som eit slips på halen av hovudfeltet og tapte terreng i motbakkane før innspurten. Eg var ein av dei som med panikk i augo prøvde å rekne meg fram til riktig høgtlesingsavsnitt. Anne dit. Helge dit. Så min tur. Mang ein gong pugga eg kronglete ord og setningar til ingen nytte. Men det hadde eg ikkje vondt av. 

Det finst alltid orsakingar, slik som maur i underbuksa, hyppige dagdraumar, halvskakke hornhinner, flittig bokstav«dlanbing», Knutsen og Ludvigsen og velvillig høgtlesing frå heile slekta i tre generasjonar. Det hadde eg heller ikkje vondt av.

Eg likte ikkje å lese den gongen, men eg likte å høre på, og eg likte å skrive. Flaks for meg at eg alltid hadde fantastiske lærarar. Eg ser enda for meg Inger Berit Krag som lener seg ut av det opne lærarromsvindauget på gamle Bø ungdomsskule ein tidleg maimorgon. Det har akkurat ringt inn til fyrste time, og eg rundar røykehjørnet i kjapp gange frå Lykkjune 14 – litt for seint ute som vanleg. Ho veivar med begge armane og ramlar nesten ut. Sensuren var komen. Avgangseksamen. Orda hennar, på nesten hysterisk sørlandsdialekt, fór utover skuleplassen som skinnande flipperspel-kuler mellom leskur og bandkjellar og gymsal. Ekkoet høyrer eg enda der nede: «Jon. Jon! Du klarte det!» Eg klarte å rette mine eigne haugar av skrivefeil. Inger Berit klarte å motivere, vente resultat og applaudere. 

Etterkvart som eg blei eldre, gjekk det opp for meg at sneglefart på lese- og skrivebanen ikkje er så dumt likevel. Særleg viss ein er låtskrivar og prøvar å skvise mest mogleg meining inn i minst mogleg tekst. I gode stunder tenker eg at ein liten skavank kan ha blitt ein liten styrke. 

«Gjer så godt du kan, men ikkje betre», står det på eit av A4-arka mine. Farfar sa det til meg ein gong eg grua meg. «Gjer det så enkelt du kan, men ikkje enklare». Eg trur Einstein sa det. Dei har begge rett.

I november byrja eg å lese trilogien til Lars Saabye Christensen: Byens spor. I går blei eg ferdig, dessverre. Det tok 8 månader. 8 saktelesande, fantastiske månader om Jesper og Jostein og Maj og alle dei andre. I morgon reiser me på sørlandsferie, og eg har sjølvsagt med ei ny bok. Den skal eg au somle meg gjennom!

«Det som er mest moro er aldri enkelt». Hans Gunnar Steen ga dette visdomsordet til sonen sin, og eg stal det, og skriv det her. Ha ein langsam og god sommar, alle!