Jon Solberg

Songar/ låtskrivar og gitarist frå Bø i Telemark

Nytt album med Anne Gravir Klykken

10. April 2026: Nytt album i dag – Kom til meg (Grammofon 2026). 12 låtar, tradisjonsstoff og nylaga musikk og tekst- hand i hand. Anne Gravir Klykken er folkesongar frå Solum i Telemark. Me har jobba i lag sidan 2021 da me laga albumet «Et ønske» (Grammofon, 2022). Sidan den gong har me spela mange konsertar i Telemark og omegn. Me er i gang med ein DKS-turné for barneskuletrinnet, og me legg ut på ein konsertrunde til våren og sommaren 2026 (sjå KONSERTAR).

«De har skapt et eget univers med ingredienser fra både norsk og amerikansk tradisjonsmusikk samt fra visetradisjonen. […] Jeg er veldig glad for at de har kommet til meg.» – Tor Hammerø i Nettavisen.no om Kom til meg

Jon Solberg og Anne Gravir Klykken - Cover - Kom til meg - 2026
Jon Solberg og Anne Gravir Klykken – Kom til meg – Grammofon 2026
Haustturne - Jon Solberg og Anders Røine

Okt. 2025: Turné i haust!

Eg har vore så heldig og fått med meg folkemusikar og kjernekar Anders Røine på ein rundtur i haust. Me har spela saman, til og frå, i snart 20 år. Det blir mine sololåtar og norsk og amerikansk folkemusikk – hand i hand. Skjemt og alvor. Leik og Martin-gitar.

Sjå konsertar →

Foto: Øystein Akselberg (nabo’n)

Studio Skogkanten

Detta er ikkje ei reklame for å spare i fond, men eg byrja med det i 1998. Eg ordna eit fast trekk kvar månad og gløyde heile greia. 22 år etterpå, ein vinterkveld i mars, kom koronaen hit til Norge, og eg fekk tid til andre ting. Til dømes fekk eg tid til å komme i hug at eg hadde nokre slantar i eit fond frå forrige århundre. Så eg ringte banken som hadde bytta både namn og tilsette opptil fleire gonger sidan 1998, og ja da, eg hadde fond. Det viste seg at slantane plutseleg var nok til eit musikkhus. Utruleg! Hjartleg takk! Tuddal handlaft og hyttebygg har snekra (eg au bittelitt), Groven og Karlsen har grove, Håvard Gjernes har teikna, og nabo Øystein Akselberg har knipsa ein haustkveld!

Gjengen frå Teater Ibsens Skilsmissedalen, 2025
Foto: Teater Ibsen

Juni 2025: Teater, gitt!

«Livet startar utanfor komfortsona» så i år var det å prøve seg som countrysongar på Teater Ibsens oppsetting av Stian Johansens bok «Skilsmissedalen». Eg øva på engelskuttalen min dag og natt og sang alt ifrå Hank Williams til Chris Stapleton. Moro å bli kjent med dyktige folk i ei for meg heilt ny kulturverd. Eg har så langt i livet vore like lite på teater som på solstrender i syden, men teater er moro!

Stykke eg skreiv i lokalavisa Bø Blad i 2022

  • Jørånnatten

    Frå stogevindauget i Lykkjune 14, der eg voks opp, var det god utsikt mot Lifjell. Fjelltoppane bada i vintersola, som me breisåsingar måtte klare oss utan på denne årstida. Og lengst bak, opp mot himmelen, rett til høgre for Bryggefjell, låg Jørånnatten og lokka på ivrige skiløyparar. Det var umogleg…

  • Det lakkar og lir

    Det lakkar og lir og dreg seg mot jul. Den tida på året da tankar og kjensler går på maks turtal. «Kulda setter inn». «Ein skulle vore fire år i romjula». «Tusende barnehender ljosa held». Og «Happy Christmas your arse, I pray God it’s our last», som ho syng, Kirsty…

  • Ved

    Noko høyrer saman. Heimebaka brød med brunost. Øks og sag. Termos med kaffe. Andre ting høyrer ikkje saman. November og julehandel. Moltemyr og asfalt. Mannfolk og multitasking. Multitasking har eg lite erfaring med, men vedkløyving og mulititasking høyrer i alle fall ikkje saman.  «Det buldrar i vest. Eg kan ikkje…