Ved

Noko høyrer saman. Heimebaka brød med brunost. Øks og sag. Termos med kaffe. Andre ting høyrer ikkje saman. November og julehandel. Moltemyr og asfalt. Mannfolk og multitasking. Multitasking har eg lite erfaring med, men vedkløyving og mulititasking høyrer i alle fall ikkje saman. 

«Det buldrar i vest. Eg kan ikkje sjå dei, men eg veit dei er der.» Slik let fyrste setninga i eit alt for langt Sidesprang-innlegg som aldri kom på trykk i vår. Det var skogsmaskiner som buldra. Skogsmaskiner som laga flatehogst bortanfor Håsårudhåtten. 

Som gamal o-løpar er eg ikkje av den typen som strekker armane i veret og jublar høgt for nye hogsfelt som dukkar opp i Bø-skogane. Kvist og kvas skrapar meg i leggane, og orienteringa blir alt for enkel. Nå er det bare såvidt eg greier å springe opp bakkane tjønnimellom, flatehogstfritt. 

Men veldig lei meg blir eg ikkje, for eg er glad både i snekring og ved, og skogsdrift er bra, men det er rart med nettopp Breisås-skogen. Me har ei 45-år lang soge saman, og eit sår i skogen blir liksom eit sår i meg au. Stemningar som blir borte. Kjensler som forsvinn. Tankar eg ikkje finn att. Det er bare slik eg er skruva saman.   

Det gjekk eit hyggeleg rykte i vår om at me breisåsingar, eller kven som helst, vil eg tru, kunne bruke restane etter skogsmaskinene, som ved. Skogsmaskiner er kresne i kosten, så mykje god bjørkeved blei liggjande og ståande att på kryss og tvers.        

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Eg gjekk til verket med bogesag og felleøks. Ullkufte og muskelkraft. Termosen med kaffe var med. Kvista og kappa. Lempa og skuva. Rulla og drog og bar. Var min eigen hest. La stokkane på sagbukken heime i tunet, og saga i høvelege lengder. Kløyveøks og hoggestabbe. Den som har fleire sår enn helsten har hår. Lødde lad på lad. Ein passleg stor bjørkevedstabel i halvpedantisk stil. I følgje Lars Myttings bok Heil ved er eg «perfeksjonist, muligens innadvendt».

Eg heldt på ein liten månad. Og eg sende eit par tankar til dei gamle skikarane. Dei som høgg 5 mål tømmer til frukost, og beinflaug 5 mil på ski til dugurd. Sondre Nordheim. Hallgeir Brenden og «Elgen» Harald Grønningen.

Det må ikkje bli for effektivt, skreiv eg, og la ut bilete av sagbukk og bogesag i fjesboka. Ein ven av meg var kjapt ute med råd om reiskap som kunne gjere jobben enklare. Han meinte det godt. Motorsag og vedkløyvar. Eg har det. Eller eg har det fyrste, og naboen Edvard har det andre. Men eg bruka det ikkje.

«Ta deg tid», står det over låvedøra til tømrar og trommeslagar i Ni Liv, Eivind Aase. Setningen er skoren ut i den grove toppsvilla. Låven bygde han sjølv. Ta deg tid. Eivinds leveregel. Når han et. Når han snekrar. Når han groovar, spelar med innleving. Ingen groovar som Eivind.

Det er ikkje det at ein aldri skal bli ferdig. Vinteren kjem, den. Men ta deg tid. Undervegs kan det hende at du lærer noko. Om viktige ting, om andre, om deg sjølv. 

Me er godt inne i fyrste bjørkeved-stabelen nå. Den står der og minner meg om arbeidet i vår. Noko høyrer saman. November og fyr på peisen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *