Jo større tellar, jo mindre virkar nemnaren

Arne Næss – filosofen, boksaren og naturelskaren – har fasinert meg heilt sidan søster Veslemøy parodierte Diana Ross på Handelshøgskulerevyen i Bergen i 1986. «I want muscles», sang søster med såpass tjukt sminkelag at eg ikkje forstod det var ho før lenge etterpå. 

Diana Ross hadde nettopp gifta seg med fjellklatraren og foretningsmannen Arne Næss Jr, onkelungen til filosofen. Han blei spela av ein mager mann med rupesekk, utan spor av det songen handla om. Det viste seg at muskelmenn ikkje var noko å ha likevel. Salen lo godt, og eg heiv meg med. Eg var 10 år, og Veslemøy 22.

Næss blei født i 1912, midt imellom morfar og farfar. Han var intellegent og barnleg. Strukturert og spontan. Djupt alvorleg og hysterisk leiken. Høgt utdanna og befriande uhøgtideleg. Motsetnadar, skulle ein tru. 

I går såg eg Nrk-programmet om 80-åringen Arne Næss på nytt. 44-årsauger ser ikkje det samme som 16-årsauger, men boksaren og naturelskaren er like tydeleg nå. Korleis går det an å i den eine agneblinken slå sparringspartnaren til blods, i den andre gå varsamt rundt eit lite insekt på golvet, og i den tredje skrive kloke bøkar? Dette har eg grubla mykje på. Og korleis er det mogleg å leve i «luksus og rikdom, men med enkle midler», som han seier.

Boksing er ikkje min idrett, men eg gjekk nokre «for-moro»-rundar med kompis Martin da me studerte idrett i Oslo. Han boksa i 91-kilosklassa. Eg kunne slå så hardt eg ville, kor eg ville. Han kunne bare blokke, dukke og slå «koseslag» mot kroppen. Eg lærte at ein blir daudsliten av å veive i lause lufta med tunge boksehanskar og tynne orienteringsarmar, og at 91-kilos «koseslag» gjer vondt.

På spørsmål om kvifor han boksa, svara Næss omtrent slik: «Etter 30 slag i ansiktet blunker man ikke». Ein blir skjerpa.

Me boksa lite, men me sloss ein del oppi Breisås før i tida. Det fants uskrivne reglar. Alt var ikkje lov. Alt var ikkje lurt. Få kompisen i bakken. Springe heim til mamma om eldre muskelungar frå øvre del av Flitavegen dukka opp. 

Lite visste eg om at denne leikeslossinga var noko av det smartaste me dreiv med. Ein 2 år eldre kompis lot meg somtir vinne. Ingen gidd å sloss mot nokon som aldri tapar. Ein må vera sterk og modig for å tørre å vise seg svak. 

Næss laga ein formel. Ein trivselsformel. Han lika matematikk. Han lika å forenkle vanskelege ting: T = G/ Sl + Ss. T for trivsel er lik G for glødopphøgd i andre potens, dele på summen av to smertetyper: Legemleg og sjeleleg. Næss var optimist, så gløden kan opphøgast i det talet du vil. Glød opphøgd i tiande, til dømes. G10. 10 ting som glødar og gnistrar og gleder, tenker eg. Gitar x fele x Lifjell-sol x ny låt x Breisås-skogen (der det ikkje er hogd) x hytta x leikeboksing med Gaute x ein liten, stor heim x våren x 1 og 2-touch-fotball på G14.

Med mykje glød blir trivselen stor, til trass for nokre vondtar her og der, gamle idretsskader som bankar på døra, avslag på søknadar ein gløymde å skrive, avlysingar av utsettingar, lite klemming, tråe skøyteski frå forrige århundre og femsifra Volvo-rekningar. Jo større tellar, jo mindre virkar nemnaren.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *