Og no kjem…

Til konfirmasjonen kjøpte eg ny forsterkar. Ikkje gitarforsterkar, men ein Sony intergrert stereoforsterkar. Du veit ein slik gamaldags svart boks med knottar på, som lydsignal frå vinylspelarar må innom før dei blir sendt til høgtalarane. Eg kjøpte forsterkaren hos Kinck, sjølv om butikken heitte noko anna, slik Mæland heiter Mæland, sjølv om den butikken også heiter noko anna. Birger Kincks elektrobutikk låg der Sparebanken Sør held til nå, og hadde hyllene fulle av godsaker for lydinteresserte konfirmantar. 

Eg har særleg eitt lysande minne etter Birger Kinck: Han kjører fram og tilbake i gata ein varm vårdag med lysegrå høgtalarlurar på taket og ropar: «Hallo! Hallo! Ein-to. Her kjem ein bil!» Det må ha vore før 17. mai, den gongen han hadde ansvaret for tydeleg lyd på grunnlovsdagen.

I forrige veke krabba eg opp på loftet og grov fram den gamle Sony-forsterkaren min. Han låg nedst i ein stor pappask med elektisk bråta frå steinalderen. Modem, kablar utan heim, ein gul walkman, to FM-radioar med evig susing, ein 4-spors opptakar eg trur eg må ha stole av ein kompis i Oslo på slutten av 1990-talet, ei trommemaskin som mista takta rundt tusenårsskiftet, fjernkontrollar utan noko å fjernkontrollere, og ein pilespiss av flint. Ingenting virkar så gamaldags som ting ifrå nær fortid.

Men Sonyen virka like godt. Vårgrønt lys over power-knappen. Før blei ting laga for å vare. Dei gamle høgtalarane mine fann eg ikkje. Dei må ha ramla av flyttelasset ein stad mellom Oslo og Bø. Men det er ikkje bare ungdommen som streamar spelelister. Det gjer far min på 79 au. Han som lærte meg å handtere lp-plater som ein profesjonell kunsttjuv. Dessutan er han glad i å rydde. Eit par Celestion 7 med stativ og ledningar blei dumpa her rett før jul.

Nå sit eg i musikkhuset og kikkar bort på stereoanlegget mitt. Gamalt og nytt, hand i hand. Det er Mark og Chet som er igang. Knopfler og Atkins på vinyl. Varm knitring frå riller og stift. «There’ll be some changes made», syng Atkins og vil bli rockestjerne. Groupiane er ikkje slik rykta skal ha det til, svarar Knopfler.

Det var med dei to det verkeleg starta for meg. Neck and neck – hals og hals. Gitarhalsar. På gitarhalsar er det band, eller som det heiter på engelsk, med kort vokal: frets. Det minner meg om eitt av dei fyrste banda eg var med i. Sveinung Groven, Øyvind Storesund og eg. Sveinung digga Dire Straits, Øyvind Anthrax, og eg Megadeth. Knipe, miltbrann og megadød. Eg sparte til langt hår og øvde på skumle grimasar i spegelen.

Gitarlærar Alf Gjessing fann på bandnamnet. Konferansier Kjell Stundal i Ungdommens kulturmønstring var så uheldig at han måtte annonsere bandnamnet. Eg trur bare Alf visst kva bandnavnet tyda.

Ingen skal klandrast, me kunne funne på bandnamn sjølve. Uansett var det tre krumrygga rockespirar med blikket i skolissene som entra Ukm-scena på Skoghaugen den kvelden. For med nølande tomrom, rulle-r, og litt for lang «e», kom det dundrande mot oss over høgtalaranlegget på klingande sognaengelsk: «Og no kjem… de freeets»! 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *