Jørånnatten

Frå stogevindauget i Lykkjune 14, der eg voks opp, var det god utsikt mot Lifjell. Fjelltoppane bada i vintersola, som me breisåsingar måtte klare oss utan på denne årstida. Og lengst bak, opp mot himmelen, rett til høgre for Bryggefjell, låg Jørånnatten og lokka på ivrige skiløyparar. Det var umogleg å bli verande heime. Vinteren kom tidleg og vart seint borte på Bøs høgste topp. 

Han ligg der ennå, sjølvsagt, og han har lege der i millionar av år. Kor gamle er fjella? Ingen veit sikkert. Det er noko godt med alt me ikkje veit sikkert. Det er sikkert.

Fyrste gongen på Jørånnatten var med skøyteski på påskeskare. Himmelen var så blå at ein kunne eta han med skei, som Knut Nerdrum skreiv ein gong. Det var den gongen eg ikkje klarte å gå seint. Eg har blitt flinkare til det med åra. 

I 1945, som 69-åring, laga spelemannen Torkjell Haugerud ein hardingfeleslått som han kalla «Jørånnatten». Ein springar. Anders Røine spela litt av slåtten på langeleik for meg ein gong. Det fyrste taket. Det fyrste riffet. 12 fjellstøe tonar i perfekt rekkefølgje. 

For eit par år sidan lærte eg meg heile slåtten etter eit video-opptak med Per Anders Buen Garnås. Og for ein slått! Når eg let att augo for å sjå, ser eg fjellturane mine i tonane. Det er rart med slike ting. 

Haugerud blei fødd i 1876, nøyaktig 100 år før meg. Han var allsidig. Han spela både hardingfele, fiolin, piano og orgel. Kanskje gitar også, eg veit ikkje, men han hadde sikkert lært seg det kjapt, om han ville. 

Om me hadde vore samtidige, hadde eg banka på døra hans og spurt om han ville lage musikk saman med meg. Kanskje hadde han hatt tid til det innimellom organistjobbing, speleoppdrag, gardsarbeid, kappleikdømming, komponering, slåtteutbygging, klassisk fiolinspel, Oslo-reiser for å gjere opptak i NRK og besøk av musikkinteresserte frå fjern og nær.

På måndag kjørte eg til Nes på Garvikstrondi, til garden der Torkjell Haugerud levde. Det er barnebarna til Haugerud som bur der nå, Torkjell og Kristoffer Hoff. Hyggelegare og meir gjestfrie karar skal ein leite lenge etter. Eg fekk omvisning på garden, og mange gode soger frå gamal tid. 

Eg trong Torkjells og Kristoffers samtykke og underskrifter for å få lov til å bruke Haugeruds Jørånnatt-melodi i den nye Jørånnatt-låten min. Og for å seia det med farmor: «Det var ikkje nei å få!» 

Gyda er på veg. Jørånnatt-skiturar heng i eit syltynt snølag. Men vinteren er ung, og eg er ikkje så gamal, og til toppen skal eg, endå ein gong.

Du kan gå dit på beina, du kan gå dit på ski
Høyre vinden fortelje når han fér forbi
Kjenne pusten i bringa, kjenne hjertet ditt slå
Du må slite, min venn, og så, vent å sjå!

Høgt der opp på randa mellom himmel og jord
Aldri er du så liten, aldri er du så stor!»

Møt meg på Jørånnatten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.