Å flytte

Me driv og flyttar. Ikkje langt. 138 steg med litt for små slippers, eller kipp-kjappar, som er eit artigare ord. Eit par steinkast. Om ein måler i Gunnar Boye-steinkast, snakkar me bare om eit underarmkast utan tilløp. Han kastar lengst av alle på Bø ungdommskule. Det skjøna eg på Holmen-tur i fjor. 

Det vil seie, me flyttar ikkje på oss sjølve riktig enda, me bare flyttar på ting. Mange ting flyttar me til kontainerane nede på Storkås. For som kjent veit ein ikkje kor mykje skrot ein har før ein skal flytte. 

Eg prøvar å leve etter regelen som seier at viss eg eig for mange ting, så eig eg ikkje tinga – tinga eig meg. Men likevel kjøpte eg nettopp ein gitarbass eg ikkje treng. 

For tida lever eg ein stad midt imellom Ricky Scaggs’ «You can’t take it with you when you go» og Joni Michels’ «You don’t know what you’ve got ‘till it’s gone». Det blir somtir slik for meg, at gode låtar fungerer som vegkart i livet. «Pass på hvem du lar flytte inn i hodet ditt,» syng Anne Grete Preus i songen «Gull av støv», men den handlar om andre ting. 

Eg lagar bunkar. Bunkar som blir til pappaskar. Pappaskar med dårleg merking som eg veit eg uansett må opne for å finne ut kva inneheld. Hive-bunken blei større enn han nokon gong har vore. Eg kjende meg tøff i gjerningsaugneblinken. Tok modige val. Let att augo og let det stå til. Men eg tok eit par bilete av nostalgiske godsaker eg på mindre modige dagar hadde pussa støvet av, og skrive songar om. 

Eg gjev bort ting også. Sel dei kanskje på Finn. Håpar eg ikkje angrar meg. 

Det var enklare å flytte før i tida. Den gongen heile flyttelasset fekk plass i ein lyseblå Mazda 323 på maks turtal mellom Bø og Oslo og Trondheim. Datamaskina tok størst plass. Stasjonære pc’ar var verkeleg stasjonære den gongen. Tunge som traktordekk. Derfor blei pc’en liggjande på loftet her i Bordvegen i 15 år, i uthuset i Gamleveg i 2 år, og i kjellarbua på Grim i Kristiansand i eitt. Nå blir den gamle hovudfagsmaskina mi i beste fall resirkulert til ein syltynn iPhone.

Loftet er tomt. Eg veit ikkje kor mange forelesingsnotatblokkar og studiepermar og kompendium og stensilar og hefte og lærebøker eg har kasta, men gratisklippa på dynga, gjenvinningsstasjonen, er for lengst bruka opp. Kompendium: «EDB og numerisk analyse» frå den tida eg visste kva forkortingane stod for. «Gruppedynamiske forhold i idretten» frå Idrettshøgskulen der alle gjekk i grønne Addidas-joggebukser. 

«Harmonisk analyse av mediantforbindelser» frå musikk mellomfag i Oslo. Det var det faget eg ofte skulka. Læraren hadde svart skjegg, kvasse augebryn og skumle augo. Høyrelære og arrangering. Han snakka og skreiv med store utropsteikn. Rett frå hofta. Starta med det negative og heldt fram med det som var enda verre: «Å gi noen vurdering av arret ditt er umulig! Dette er en sammenhengende skandale av elementærfeil og mangler […]. Kort fortalt – dette ville du ha strøket på til eksamen! Skjerp deg!» står det skrive med raud kulepenn. Inga kjære mor.

Eg hadde eit par slike lærerar på musikk i Oslo, og det rare er at eg på mange måtar lika dei aller best. Fordi dei ga tydelege tilbakemeldingar. Eg trong det. Dei rosa bare når det var noko å rose. For på ei anna arrangeringsinnlevering kommenterte han nemleg slik: «Starter bra… Dårligere etterhvert. […] Bra melodi og rytme. BRAVO!» Når det er bra, er det bra.

Til påske tangerer eg mamma i antal flyttingar. 12 i talet. Eg nedgraderer for å oppgradere, for det er ikkje musikkhus der eg skal flytte. Men eg likar å snekre. Eg oppgraderer for å nedgradere, for i det nye huset skal det vera få ting. Bare det mest nødvendige. Mål må ein ha i livet, sjølv om ein inst inne veit dei er uoppnåelege. 

Ein kan flytte bustad, flytte møblar og ting, flytte blikket, kanskje også flytte fjell, men ein flyttar aldri frå seg sjølv. Det er både ei trøyst og ei utfordring. Heimen er der hjartet er, heiter det. «Heimen er dei som bur der», sa Farfar. Flytte skal me åkke som. 138 små, store steg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *