LINER NOTES

Det er heilt tilfeldig at dette solo-albumet kjem akkurat nå. Når ein er låtsmed, eller visesnikkar, eller singer/songwriter, eller kva ein skal kalle det, slik eg er, hopar det seg ofte opp med låtar i skuffen. Særleg i periodar der skrivetrangen boblar i blodet og gitaren og fela spring etter meg, og finn meg, samme kor mykje eg prøvar å lure meg unna. Skuffsongane kan vere meir eller mindre ferdige, men av ulike grunnar finn dei seg ikkje til rette i bandet vårt - Ni Liv. Kanskje får dei ei varm mottaking om nokre år? Kanskje ikkje. Ingen veit. Så er det slik at låtar som blir liggande for lenge i skuffen blir rastlause og hoppar ut av seg sjølv. Dei vil ut i verda og oppleve noko. Fortelje historia si. Men ikkje alle songane her er skuffsongar. Nokre sprang frå hovudet mitt og rett inn på plata.

Dette er ikkje ei pop-plate. Dette er ei viseplate. Ei nedstemt, naken og, til tider, røff viseplate. Det handlar fyrst og fremst om tekstar med musikk innat, ikkje musikk med ord som rimar. Og tekstane handlar om livet på godt og vondt, kjærleiken og det midt imellom, slik alt eg skriv gjer. Kva skal ein elles skrive om?

Låtane er spela inn på to ulike måtar. Dei feste er spela inn live i studioet til Tor Magne Hallibakken i Nesbyen, to vinterdagar i desember 2013. Eg ringte fire musikk-kompisar (Anders Røine, Jan Birger Akerhaugen, Stian Dalen og Håkon Aase), og alle ville vera med. Så reiste me til Pers Hotell på Gol kvelden før studio. Der drakk me kaffe, øva og plukka ut fjorten låtar som me spela inn dei to neste dagane. Tor Magne miksa alt den tredje dagen. Tre av dei fjorten låtane me spela inn fekk ikkje plass på denne plata, og må finne seg ein plass i skuffen att. Heilt til neste gong.

Tre songar er spela inn i musikkhuset mitt i hagen i Bø. Lag på lag. Instrument for instrument. Stemme for stemme. Rake motsettinga frå studioarbeidet i Nesbyen, men moro det au, på sin måte. Knut Eirik Hult, kollega frå bandet Ugras, spelar bass på to av musikkhus-låtane. 

Anders, Jan Birger, Stian og Håkon er musikarar og låtsmedar med ulik bakgrunn. Anders er folkemusikar med langeleik og munnharpe som spesialfelt. Jan Birger er rockar og min betre gitarhalvdel i Ni Liv. Stian er country-kar med eit dobrospel eg diggar. Håkon spelar jazz-fele betre enn nokon annan eg kjenner til: Leikent og groovy. Alle er dei jordnære kjernekarar og heilt fantastiske å samarbeide med. Dei har farga visene mine med sitt spel, sine idéar, sin kompetanse. Arrangementa er like mykje deira som mine.

Svarteper er som alle veit eit kortspel der para stikk av, eitt etter eitt, og taparen sit att med sparknekt, altså svarteper. Sparknekt lar seg ikkje parre, for kløverknekt er ikkje med i spelet.

Eg håpar visene, ei eller fleir, finn seg ein plass hos deg.

Jon Solberg, juni 2015.

CRED:

Musikarar: Jon Solberg: song, gitar, banjo og fele på låt nr. 7 og13. Anders Røine: langeleik og munnharpe. Jan Birger Akerhaugen: gitar, barryton-gitar og bass. Stian Dalen: dobro, mandolin, gitar og kor på låt nr. 8. Håkon Aase: fele, perk, munnspel og piano. Knut Eirik Hult: bass på låt nr. 1, 7 og 13.

All tekst og musikk er laga av Jon Solberg

Låtane er arrangert av Jon Solberg i samarbeid med musikarane. Spela inn live i studio hos Hallibakken Lydproduksjon i Nesbyen, 3 dagar i desember 2013. Låt nr. 7, 10 og 13 er spela inn i Jon Solbergs musikkhus i Bø. Teknikar, miksing og mastring: Tor Magne Hallibakken. Framsidefoto: Jarle Andersen. Omslag og form: Magnus Rakeng, Melkeveien

Fyrst og fremst vil eg takke musikarane Anders, Jan Birger, Stian, Håkon og Knut Eirik som spelar og skaper og gjev av seg sjølv. Det hadde ikkje blitt noko av denne plata utan deira godvilje og musikalske dugleik. Ein ekstra stor takk til Anders Røine for alt han har lært meg om folkemusikk og felespel, og for at han heile tida har sparka meg bak for å få denna plata i hamn. Tor Magne Hallibakken er ein fantastisk hyggeleg og gjennomdyktig kar. Tusen takk til han for supre dagar i Nesbyen og for all hjelp, på alle måtar, undervegs i dette plateprosjektet. Så vil eg takke Kristoffer Mosfjeld i Telemarkfestivalen for fine ord og for at eg fekk lov til å ha platesleppet under festivalen i 2015. Ein stor takk går også til Øyvind Sauarlia på Grammofon som gjev ut plata. Vidare vil eg takke min favorittlydmann i verda: Thorbjørn Kittelesen, kongekarane i og med Ni Liv, Jarle Andersen for kule bilder, søster Liv Solberg Andersen for kreativ innsats, søster Veslemøy Solberg for musikalsk og tekstleg samarbeid, Sven Ohrvik for all hjelp, familien min: Elisabeth, Olav, Gaute og Vegard. Og sist, men ikkje minst, DEG for at du les dette og held soloalbumet mitt i handa.

Besøk meg på www.jonsolberg.no