tekstar-print

Til Telemark!

T: Veslemøy Solberg
M: Jon Solberg
Fra albumet Røter (2014)

Å, kunne eg fara til Telemark og leva ei sumarstund
Så sa Per Sivle for lenge sidan, han hadde korkje gard eller grunn
Så han la i veg på lette steg
og tralla og song med sjave seg:
Til Telemark, til Telemark vil eg fara!

Han traska og gjekk mot Telemark, mange mil over vatn og land
Han dikta litt om datt og ditt, og så sov han littegrann
Men endeleg i den seine kveld
såg han Haukelifjell og Vinje gjeld
Til Telemark, til Telemark vil eg fara!

Han rusla i veg gjennom Grungedal der folk stod og glodde og lo
Dei lura nok på håkken som gjekk der og dreiv i fillute sko
Dei slo seg på brystet og ropa: Du
æ kje bære enn økkøn må du tru!
Å, sudelidei og huttetu, vil du fara!

Det Rjukan og Kviteseid og Morgedal og Dalen og Fyresdal og Mo
Og høgt oppå fjellet i eventyrlandet sat Gaustadgubben og lo
Songen ljoma og fela let
og sjøormen dansa og nykken gret
Til Telemark, til Telemark vil eg fara!

Til Telemark, dit står mitt trå
Dit vil eg gange, og dit vil eg gå
Til sumars så får me sjå

Han såg gras med ryllik på stovetak i Gvarv og Lunde og Bø
og der tok han ein runde i gata før han dro til Notodden, pø om pø
Der spytta dom snus i hytter og hus
og eit par tre karar spela blues
I wanna go, I wanna go to Telemark!

Til slutt var det Skien og Porsgrunn, der folk er flest og best
Og så dro Per Sivle til Drammen og fekk seg kjerring og hest
Og nå stenn han på sokkel ved elva der
og lengtar og syng i alt slags ver
Til Telemark, til Telemark vil eg fara!