tekstar-print

Jeg har en venn

T&M: Jon Solberg / T&M i ref: Trad.
Fra albumet Et ønske (2022)

Denna songen steig imot meg lys og svær
Den kom frå deg, for du er krafta i alt eg gjer
Når havet brølar og kroppen verkar
gjer du meg modigare og sterkare
vakre venn

Eg fekk brevet ditt på sjølve julefta
Diktet du skreiv gjer meg både trist og glad
I alle hamner og alle byer
I alle stjerner og alle godversskyer
ser eg deg

Jeg har en venn, men han er ikke her
Han er på sjøen, han pløyer bølgen
Han frykter Gud og han elsker meg

Eg pussar måling og rust til blanke stålet skin
Så legg eg handa der og tenker på huden din
Og når stempelslaga dirrar
som varme kjærtegn, er det rart det svirrar
litt rundt for meg?

I går stod regnbågen som ein port på himmelen
Slike tegn får meg til å savne deg gruleg igjen
Og i kveld i solnedgangen
stod eg i baugen og ropa denna songen
heim til deg

Jeg har en venn, men han er ikke her
Han er på sjøen, han pløyer bølgen
Han frykter Gud og han elsker meg

Når eg kjem heim skal eg synge visa mi til deg
Gå ned på kne og be: Vil du gifte deg med meg?
Nå er det seint her på lugaren
Sjåast i draumane mine, kjære Maren
jenta mi

Jeg har en venn, men han er ikke her
Han er på sjøen, han pløyer bølgen
Han frykter Gud og han elsker meg