tekstar-print

Livet

T: Lisbeth Lid Venås / M: Jon Solberg
Fra albumet Et ønske (2022)

Livet er eit terningspel
Tap og vinn
Livet er eit gøymespel
Leit og finn

Livet er eit opprørt hav
Svartstill sjø
Livet er ei sisselrot
Beisk og søt

Livet er eit farleg flog
Lyft din veng
Livet har så stutt ein song
Slå din streng