tekstar-print

Ungdom du ungdom

T&M: Trad. / M: Jon Solberg
Fra albumet Et ønske (2022)

Ungdom, du ungdom så vonfull og blid
Nå fagraste blomen du blømer
Det heiter for alvor å nytta si tid
For sumar og songfuglar rømer
Så du ikkje treng sitja med hand under kinn
og sytefullt tenkje på ungdomen din
når fagraste skåli du tømer

Å hev du ‘kje gull te å gøyme i skrin
eller kyr te å setja på båsen
Så eig du ei rose så fager og fin
Gøym den bakom sterkaste låsen
Den heiter di æra, din rikdomme stor
Den gjeve den hugnad og dukar ditt bord
og syng liksom gauken i åsen