tekstar-print

Mr. Clark

T & M: Jon Solberg
Fra albumet Så lenge toget fløyter (2018)

Det e flagg og is i bygda, ungar syklar rundt med hjelm
Eg stoppa bilen i ei busslomme for å lengte heim
og skrive nokka enkle, siste ord frå meg
Whiskey har eg ikkje, men denna kaffen e for deg

Fyrste gong eg møtte deg sang me Dublin Blues
og eg lengta etter dama mi, slik som du
Men «She ain’t going nowhere», ho bare reiser, for ei stund
Så dro me Texas Cookin’ med vatn i munn’

Du minna meg om Hemingway, du gjekk rett på sak
Reine ord for penga, meininga låg bak
Historiene dine heng på himmelen min og skin
Sangen din e eventyr, musikken e årgangsvin

«Syng sant», sa du. Syng sant
Syng alt det hjertet fann
Syng øyeblikk som brann
Syng sant

Somme lagar «tra-la-la» og kallar seg geni
Somme lagar enderim og kallar det poesi
Du syng ein konge forkledd som ein fant
Du syng ein himmel forkledd som ein krøftekant

Du laga ikkje hits, du var alt for god te det
Du drakk hardt, tenkte djupt, og la sjela mellom linjene
Viss du skjønna bøhering, hadde du sagt: «Skål»
og «one man’s art is another man’s scrawl»

«Syng sant», sa du. Syng sant
Få visdomen i pant
og ein og anna slant
Syng sant

Handlaga kjærleik på sjølvbygd gitar
Slik du sit på albumet som gjorde meg te kar
Du var glad i mange, men du elska bare ei
Slik e me to like, mykje ja og lite nei

Dama mi ventar heime med barbecue og vin
Ho heiter ikkje Susanna, men ho e fin
Du sa du skreiv ‘kje for å endre folk, men du har endra meg
Når eg slår opp «singer songwriter», lyser bildet av deg

«Syng sant», sa du. Syng sant
Syng alt det hjertet fann
Syng øyeblikk som brann
«Syng sant», sa du. Syng sant
Få visdomen i pant
og ein og anna slant
Syng sant