tekstar-print

I skogen

T: Torbjørg Solberg
M: Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik
Fra albumet Røter (2014)

Nå angar det barnål og kvåe
langs Hagadokk-vegen min
Det vårast, trass isen på Bandak
og snøfenner rundt ikring

Sjå, her har harepus sprunge
Koss lever han, arme, nå
Han kjenner vel våren dulpe i blodet
om sumar og livd i kvar krå

Sjå knuppane på bjørk og selje
Så veike endå og små
Men bia berre, kom att i mai
Då blikrar der lauv utpå

Og kjære velsigna skogen
med kvile og kveik og ro
Du er som eit trufast handslag
av venen, ekte og god