tekstar-print

Timmerflåten

T & M: Jon Solberg
Fra albumet Røter (2014)

Gulløy lo i sola som rann ned fjellsida
Eg hadde eventyr i lomma, og stø kurs mot synsranda
Framfor meg låg hått som helst, eg bare lot det stå te
Og eg har aldri stått ved brønnen med ein spegel og kikka ned

Bli med på flåten min
så dreg me nedover elva som Huck og Jim
Lenger og lenger heimefrå
Seile ut av kartet
Vil du vera med så heng på

Eg drev på ei gamal kone rett nedafor Fjågesund
Ho sa ho kunne passe roret så eg fekk meg ein høneblund
Så sang ho ei vise om Vrangfoss og dom som bygde slusene
«Det var farleg arbeid », sa ho. «Mange liv gjekk med»

Me la te land ved Strengen, og ho forsvann opp ein krøttersti
Et lekterslep med hardstein frå Lårdal seig forbi
«E elva stri ned mot Lunde», spurde eg rormann Reverud
Han svara: «Jau, men detta e ingenting imot storflaumen i 27!»

Eg sat med teane i elva og rugga på ei mjølketann
Da såg eg Dronning Victoria og gamle Ibsen gå rett forbi enaen
Eg gaula: «Hei, Henrik! Vil du ha saft og Gjende-kjeks?»
Han sa: «Du e ung, du eig tida. Eg må vera i Skien halv seks»

Og på ei gamal brygge stod ein kar og patta på pipa si
Han sa: «Eg kan sluse ned flåten din viss eg får smake litt av nista di.
Det e kje slusa timmer her ved Hogga på over 30 år
men når eg ser den flotte flåten din så e det som det var i går!»