tekstar-print

Tusenstrengsfela

T: Haakon Lie
M: Veslemøy Solberg
Fra albumet Røter (2014)

I skymdi sviv det lette gildrespinn
om gjenteflokken som i kvelden dansar;
Og fela dårar dei i skogen inn
med døyvde drag igjenom kropp og sansar

Der leikar det ein leik på lausstemd streng
so blod som bygjebrusen syd og voggar
når fela ligg og skjelv i blomeeng
der alle Jonsokskogar dræg og doggar

Når skaparkrafti ris og fela triv
må spelet skjelvande i fysne fløyma
og nye tonelag og nye liv
or allnaturer gjenom fela strøyma

Med ròden blømande på gjentekinn
vert tusen løynde lagnadstrenger spende
frå livsens kjendur fyssar tonar inn
og ôm av djupe vêrmål kling attende