tekstar-print

Under himmelen

T: Veslemøy Solberg
M: Sven Ohrvik
Fra albumet Røter (2014)

Dette er ein takk til deg
som stod i livet og viste veg
gjennom leik og lått
til ljose draumeslott

Takk for varmande vintereld
og sol og song kvar sommarkveld
For barndomstid
i skog og mark og li

Eg står att under himmelen
og takkar for ljoset og kjærleiken
For skinnande stunder å leva i
Eg gøymer dei her under bringa mi

Dette er ein takk til deg
som stod i livet og viste veg
og heldt ryggen rak
gjennom alle tunge tak

Takk for smil og vennskapsband
for omsorga i di trygge hand
og for tida di
som eg fekk skinne i

Eg står att under himmelen
og takkar for ljoset og kjærleiken
For skinnande stunder å leva i
Eg gøymer dei her under bringa mi

Huset er tomt og forlatt
men minna er likevel att

Så lenge nokon står under himmelen
og takkar for ljoset og kjærleiken
For skinnande stunder å leva i
og gøymer dei der under bringa si

Eg står att under himmelen
og takkar for ljoset og kjærleiken
For skinnande stunder å leva i
Eg gøymer deg her under bringa mi