tekstar-print

Kjem du

T&M: Jon Solberg / T&M i ref: Trad.
Fra albumet Et ønske (2022)

Kjem du? Kjem du?
Kjære, kjem du hit til meg i kveld?
Du veit eg ventar på deg
Åffår er du så treg?
Er du ute og finn på sprell?

Kjem du? Kjem du?
Det er kaldt med bare kjole på
her på benken ved treet
Snart gjeng sola ned
Du er ‘kje å høyre, du er ‘kje å sjå

Å, ja i kveld mi jente kjem eg til deg
Så må du endeleg lova meg
og gje meg handa og svar meg ja
Så gjeng eg heimatt så hjartans glad

Kjem du? Kjem du?
Kan du halde ord for ein gongs skuld
Eg hørt frå Knut
at du er ein jentefut
Ein frikar som støtt er full

Kjem du? Kjem du?
Eg er blå og himmel’n raud
To timar har gått
eg slår mygg og knott
Og kjem du nå skal eg slå deg au!

Å, ja i kveld mi jente kjem eg til deg
Så må du endeleg lova meg
og gje meg handa og svar meg ja
Så gjeng eg heimatt så hjartans glad

Nå må du gje deg, eg er så lei
Det her er takka for å vera grei
Nei, gje meg handa og svar meg grett
Så gjeng eg heimatt så hjartans lett

Eg vil ‘kje ha deg meir, det er bare å snu
Får sjangle heimatt til mor di, du!