Fotball

Eg har slutta som pappa-fotballtrenar. Eg møtte ikkje veggen, for eg har møtt han før. Eg må jobbe. Eg må tene pengar att. Verdas eldste pappaorsaking. Mange har hatt mykje lengre «trenarkarrierar» enn eg, men 8 år er likevel ei god beite. Det var sjefen Geir Vestgarden som trong hjelp på laget til Olav i 2013, og så blei eg med. Geir og eg var perfekt match. Han var god til alt eg var dårleg til, og eg var ikkje så verst på det han trong hjelp til. Geir er ein ryddig revisor, eg ein rotete musikar. 

Eg har forresten funne ut at eg fungerer veldig bra saman med revisorar, slik fotballmessig. På Gautes lag er det Linda Stangeland som er sjefen. Bein i nasen, smil og energi, og system i sakene. Revisor, ho au.  Viss eg hadde skrive kor mange timar Linda brukar på fotball i veka, hadde du ikkje trudd meg. Dette gjeld mange trenarforeldre. Dugnad. Ungar og ungdom frå alle moglege heimar, med alle moglege tankar og bokstavar og diagnosar og armar og bein. 

Men teksten min skal ikkje handle om slike ting. Om kor viktig det er å følgje opp eigne og andres ungar, og heller ikkje om at dette truleg er noko av det mest meiningsfulle ein kan drive meg. Nokon vil gå såpass langt som å kalle det sjølve meininga med livet: Å gjere noko for seg sjølv ved å gjere noko for andre. 

I løpet av dei 8 fotballtrenaråra har eg skrive tre lesarinnlegg til Bø Blad som eg nesten sende. I emnefeltet stod det: «Barnefotball: Flotte ungar og ubrukelege vaksne». Musepeikaren sirkla over send-knappen. Så feiga eg ut. Innlegg skrivne i affekt står seg sjeldan.

Eg håpar og trur det ikkje er så ille nå som det var. Kloke hovud har tenkt, fornuftige stemmer har prata, dokument er skrivne. Eg har ein haug av fantastiske barnefotballminne. Dei kan ikkje skildrast i eit knøttlite sidesprang-innlegg. Dei må opplevast. Men eg får plass til å nemne at dei gode minna nesten aldri handlar om resultat: Kevin som stupar kråke på banen i Heddal, ein hyggeleg bestefar i Siljan, ein smørblid gjeng med is i heile trynet på cup på Kongsberg. Slike ting. 

Men sjølvsagt var det moro å sende ein kjepphøg og sleivkjefta G12-trenar over Reshjemheia med 5-6-tap i bagasjen. Eg må vedgå det. 

«Viss guttene vinner i kveld, så skal jeg drikke meg drita full». Ein tvilsam tilskodar-reaksjon må med. Dette var ein høglydt pappa på ei sideline ein stad. «Guttene» han sikta til, var 11 år. «Få den jævla svartingen ut av banen!» Sandvoll, 2014. Den jævla svartingen var 10 år. Pappaen trudde nok eg ikkje høyrde det. Fotballen har fått fram det beste i meg, men au det aller verste, og det fekk denne pappaen erfare.

«Eitt spark!» «Hard i!» «Ikke ta ball, ta mann’n!» «Gå i beina på’n!» Det er lettare å lære bort å øydeleggje, enn å skape.

Eitt av lesarinnlegga startar slik: «Eg var på fotballmøte i kveld og fekk beskjed om å utvikle spelarar, ikkje lag. Jøss, tenkte eg. Det er like logisk som å be ein bandinstruktør om å utvikle sologitaristen, og blåse i at trommisen ikkje held takta, at bassisten har reist heim, og at resten av bandet let søppel.»

Nå må eg sette punktum, eg blir riven med. Fotball er ein ypperleg arena til å lære om alt det viktige i livet: Samarbeid, sosialisering, kommunikasjon, eigenutvikling, ansvar, vilje, mot, målsetting. Men fotball er au ein yngleplass for all verdas møkk. Det er oss vaksne det kjem an på.